Skårasalen 1542 moh - dit opp skal vi! |
Eg hadde gløymt at det var så drygt og langt å gå, så det er rart kor ein gløymer etter som åra går.
Det var ein KJEMPETUR, og er er så glad for at vi fann på det. Altså ein fantastisk tur, utsikta oppover, på toppen og all moroa i snøen på veg nedatt. Dette er ein tur vi vil hugse lenge.
Åsmund og Kristoffer var kjempeflinke til å gå og vi høyrde ikkje klaging i det heile. Å kome frå flate Holland og gå 1542 meter til vers for eiga maskin er heller ikkje verst - IMPONERANDE!
2 kommentarer:
imponert!
Ja, ikkje sant! Merka det ikkje så gale i knea denne gongen. Var verre etter turen på Snøhornet. Fantasktisk fint, og utsikta kan ta pusten frå folk, ein sunnmøring også! Endåtil. Laurdag flaug vi over Hjørundfjorden og hadde Skårasalen og Slogen på kvar si side! Utruleg vakkert!
No er vi endeleg på nett. Veit ikkje kvifor vi har bala slik, det gjekk så greitt då vi var i Thailand. Men no kan vi altså vere litt meir oppdaterte! Kos dokke vidare. Helsing oss i sola og varmen
Legg inn en kommentar