To dagar etter kvarandre med sol og varme - fantastisk, dette trengde vi. Sol frå klar himmel, litt skya, men det har vore ein fantastisk dag. Pakka med oss grill, mat og drikke og kosa oss på Årneset saman med mange andre. Det var berre junior som var tøff nok til å bade, vi vaksne trekte oss. Kaldt i vatnet? Ja, neppe over 10 grader! Kaldevatn ser ikkje ut til å stoppe enkelte frå å dykke. Utruleg.
Kunne ikkje dy oss i dag heller, måtte jobbe litt med hus og hage. Alltids eitkvart som skal gjerast. Så vart det grilling og kos til kvelds, og Kristoffer på overnattingsbesøk. Gutane kosar seg, og har funne ein ny dessert - grilla marshmellows med jordbær! Kjempegodt - og utruleg vanskeleg å ete!
No rullar Tor med bukkane over fjella, og det smell og lyner - lovar ikkje godt. Vi kunne godt trenge ein tredje dag med sol og varme, vi er ikkje vekkskjemde akkurat!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar