Tida går fort når vi har besøk! Tore-Magnus, Marije har med venner frå Nederland - kjekt og triveleg besøk. Då blir det mykje liv og røre i huset:-))
Mykje god mat, lange økter ved frukostbordet, triveleg prat og fjelltur. I dag er det fisketur i Austefjorden. Båten har ikkje sett saltvatn på eit år, så det var på tide. Håper dei får fisk og har det moro. Åsmund er med som medhjelpar.
Veret er framleis ustabilt, litt sol, litt regn, skodde som kjem og fer. Ønskjer oss ein lengre felltur, men det ser ikkje heilt lovande ut. Runde og Geiranger står også på ønskjelista, og sjølvsagt treng vi godver og skoddefritt for å kunne oppleve fjell og natur. Vi får vente å sjå.
Skal kose meg med fløytespel og ei god bok. Godt å slappe av i lag med katten!
Fangsten er komen i hus, steikt og det smakte nydeleg! Brownies med vaniljesaus til dessert, så no er vi gode og mette
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar