fredag 15. juli 2011

Skårasalen i stålande solskin!

Skårasalen 1542 moh - dit opp skal vi!
Vi er jammen bra spreke - for å skryte litt av oss sjølve! To 9-åringar (førstemannn opp og førstemann ned), ein volding frå Århus DK, tre nederlendarar, og to over femti på Skårasalen på den vakraste sommardagen vi har hatt så langt. Skodda måtte gi seg for sola, og vi fekk ein fantastisk dag med heilblå himmel og ei utruleg flott utsikt.

Eg hadde gløymt at det var så drygt og langt å gå, så det er rart kor ein gløymer etter som åra går. 
Det var ein KJEMPETUR, og er er så glad for at vi fann på det. Altså ein fantastisk tur, utsikta oppover, på toppen og all moroa i snøen på veg nedatt. Dette er ein tur vi vil hugse lenge.
Åsmund og Kristoffer var kjempeflinke til å gå og vi høyrde ikkje klaging i det heile.  Å kome frå flate Holland og gå 1542 meter til vers for eiga maskin er heller ikkje verst - IMPONERANDE!

onsdag 13. juli 2011

Lidaveten i fineveret!

Endeleg vart det fjelltur på oss også! Lidaveten har ei flott utsikt til øyar, havet, fjordar og fjell.  Kald vind på toppen, men det gjorde ingenting.

Sunnmøre er vakkert - og tenk, vi bur her!  Då gløymer vi nesten alle dagar med regn, skodde og ruskever.

tirsdag 12. juli 2011

Huset fullt - og musikk i alle rom!


Husorkester i Joplassvegen 4
Her er det liv og røre! Vi ranglar til langt på natt og spelar musikk og kosar oss. Husorkesteret er på plass og alle deltek på sin måte. Anders er komen heim på besøk også. Kjempekjekt! I dag vert det ball til middag!
Sommaren er på vent enno - i midten av juli!  Det er mykje skya, regn, skodde og heller låge temperaturar.  No gled vi oss til sol og varme og badeliv!

Tore-Magnus og co har reist til Geiranger og Trollstigen, så vi håper inderleg at dei får fine dagar og får sjå mykje. Til natta er det meldt om 6 grader!

søndag 10. juli 2011

Sommargjestar - og sommarmoro!

Tida går fort når vi har besøk! Tore-Magnus, Marije har med venner frå Nederland - kjekt og triveleg besøk.  Då blir det mykje liv og røre i huset:-))
Mykje god mat, lange økter ved frukostbordet, triveleg prat og fjelltur.  I dag er det fisketur i Austefjorden. Båten har ikkje sett saltvatn på eit år, så det var på tide. Håper dei får fisk og har det moro. Åsmund er med som medhjelpar. 
Veret er framleis ustabilt, litt sol, litt regn, skodde som kjem og fer.  Ønskjer oss ein lengre felltur, men det ser ikkje heilt lovande ut.  Runde og Geiranger står også på ønskjelista, og sjølvsagt treng vi godver og skoddefritt for å kunne oppleve fjell og natur.  Vi får vente å sjå.
Skal kose meg med fløytespel og ei god bok. Godt å slappe av i lag med katten!

Fangsten er komen i hus, steikt og det smakte nydeleg!  Brownies med vaniljesaus til dessert, så no er vi gode og mette

onsdag 6. juli 2011

Endeleg sol og sommar - og 13 års bryllaupsdag!

To dagar etter kvarandre med sol og varme - fantastisk, dette trengde vi.  Sol frå klar himmel, litt skya, men det har vore ein fantastisk dag. Pakka med oss grill, mat og drikke og kosa oss på Årneset saman med mange andre. Det var berre junior som var tøff nok til å bade, vi vaksne trekte oss. Kaldt i vatnet? Ja, neppe over 10 grader! Kaldevatn ser ikkje ut til å stoppe enkelte frå å dykke. Utruleg.
Kunne ikkje dy oss i dag heller, måtte jobbe litt med hus og hage. Alltids eitkvart som skal gjerast. Så vart det grilling og kos til kvelds, og Kristoffer på overnattingsbesøk.  Gutane kosar seg, og har funne ein ny dessert - grilla marshmellows med jordbær!  Kjempegodt - og utruleg vanskeleg å ete!
No rullar Tor med bukkane over fjella, og det smell og lyner - lovar ikkje godt. Vi kunne godt trenge ein tredje dag med sol og varme, vi er ikkje vekkskjemde akkurat!

mandag 4. juli 2011

Sykkletur til Lid

Kva skal ein gjere på ein søndag når skodda sig nedover fjellsidene, stig igjen, og berre ligg der og ertar på seg folk som gjerne vil til fjells og nyte utsikta?  Jau, då finn vi oss nokon som vi kan fare på sykkeltur saman med.  Det var ikkje tvil - dei ville vere med på tur.
Sjekka "godteskapet" og heldigvis så fann vi to pakkar med kjeks, blanda med oss heimelaga blåbærsaft, på med hjelmane og klare til å trøde.
Ungane var flinke til å sykle og vi hadde ein kjekk tur i lag. I fjøra på Lid fann dei små-krabbar og hadde mykje moro med dei.  Det skal ikkje mykje til for å ha det kjekt. På veg heim mata vi hestane på Eikrem.  Kjempekjekt at jentene ville overnatte her hos oss, så vart det verkeleg sommarstemning i huset. 
Han far i huset har måla ferdig nesten heile huset - for ein arbeidsmaur, og så på ein søndag. Må ein, så må ein - vi håper regnet held seg unna til alle veggane er ferdige!




Synest jammen denne dama er modig! Krabben beit Åsmund så hardt at det  vart  litt blod på fingeren!  Det gjorde visst ingenting. Tøffe typer!

Dette er alltid like moro!

søndag 3. juli 2011

Kalenderen viser 02.07.2011

Endeleg kom sola! Fantastisk og hipp hurra - dette trengde vi verkeleg. Då var det: Føtene fram, arbeidslysta på topp, fram med arbeidshanskar og målarkost! Austveggen på huset er måla ferdig, hagen er (nesten) fri for ugras. Vi har stor hage så ein del "renovering" står igjen. Men to stappfulle trillebårer med rusk og ugras vart det.
Austveggen vart glødande raud og fin igjen, og det luktar nymåla. Lekkert.

..... også genseren til Åsmund vart ferdig!