tirsdag 27. desember 2011

Borga i Dubrovnic

Pepparkakehuset i året 2011!
Kvart år lagar Aksel pepparkakehus og modell av ein stad eller eit tema frå året som gjekk. I 2011 fall valget på ferien i Kroatia, og han laga ein modell av borga i Dubrovnic.  Det ser så lett og enkelt ut, men det er det slett ikkje. Her er det mykje tenking, pappmodellar og spekulering i korleis han kan finne løysingar.  Og vi er så fornøgde.
Etter nyttår får Åsmund pepparkakehuset med på skulen, og så kan dei knuse det og ete det opp!

Arkitekten, bakarmeisteren og assistenten

Kreativ pynting med søtt og godt.

Endeleg kan nissefamilien flytte inn i borga!

Du er flink, Aksel!

GOD  JUL !

Strikkeglede

Strikkeglede
Denne hausten har hendene vore flittige og eg har strikka julegåvene, til nesten heile familien.  Når plagga er i stor størrelse, så må strikkegåvene fordelast over fleire år.  Fire stykk mariusgenser, og ein i mønsteret "Jæren" - Aksel legg på to til, for han likar ikkje at eg rekkjer opp! Heilt unødvendig, meiner han.

Dei vart no fine i alle fall, synest eg sjølv også.  Og så vart det nokre par vottar og lester også.

mandag 12. desember 2011

God frukost

Laurdagar er gode dagar! Roleg start og med god frukost. I dag vart det både egg og steikt bacon, og jammen stilte det opp ein kokk som kunne lage kakao!

Veldig god start på dagen!

onsdag 5. oktober 2011

BLÆJEVASSBU I OKTOBER!

Vi bestemte oss, fortare enn svint, og drog til fjells! Åsmund og Kristoffer er kjempekjekke turkompisar å ha med seg. Å bere tunge sekkar heilt inn til Blæjevatnet er visst inga sak.  Første kvelden regna og bles det kraftig, men vi fekk sett garna og så var det berre å kose oss og vente på fangsten neste dag. Om natt regna det kraftig, men søndagsmorgonen var heilt nydeleg. Dørgande stille på vatnet, ikkje ein vindpust, og så kom sola fram.  Heilt fantastisk!
Garna som var sette inne ved Styggejølet hadde flest og største fisken. Heile 102 kreder fekk vi denne dagen.  Det var mykje meir enn vi hadde vente, men viktig at det vert fiska i vatnet slik at kredene som er att kan vekse seg større.  Denne utfiskinga viser resultat.  Kredene vert større og i betre hald for kvart år.

Vi brukte mest heile resten av dagen på å stelle fisken og garna, og bestemte oss for å sette berre 8 garn neste kveld.  Vi satsa på Styggejølet denne gongen også.  Roturen over vatnet var berre heilt maks - så glitrrande klart og stille vatn, og den flotte naturen rundt oss.  Det må berre opplevast.

Om kvelden kom skodda, men heldigvis vart detheilt stjerneklart.  Kristoffer greidde å halde seg vaken og saman fekk vi ei oppleving av stjernehimmelen som vi seint vil gløyme.

Om natta tok det til å blåse opp, ganske kraftig, og det vart ei utfordring å få drage garna. Vindrosene var kraftige, men det gjekk fint, og vi var trygge.  Kollosalt med kreder, og spesielt inne ved Styggejølet.  91 store og flotte kreder, større enn i går.  På grunn av sterk vind og lågare temperatur, var det skikkeleg kaldt å få greide garna og sløgje fisken.  Trudde ikkje eg skulle få varmen i  meg att!

Hausttur på Hestehornet

Litt ruskete ver, vått i marka, men opphald, heldigvis. Dermed vart det ein fin tur på Hestehornet. Her er det flott utsikt til mange dalføre og dei vakre sunnmørsfjella. 
























onsdag 14. september 2011

No vart dokka fin!
Dokka har fått nye klede -  så no er ho klar til selskapslivet. Eg har brukt modellar frå boka "Babystrikk til dukken" av Målfrid Gausel. Oppskriftene i boka var altfor store, og eg har laga plagga etter "eige haud".  Slik er det alltid, sjeldan eg klarer å følgje ei oppskrift til punkt og prikke.
Blomster av litt kontrastgarn med ei perle i midten gjorde seg også.  Vart no veldig søt, synest eg.

søndag 21. august 2011

Kredefiske på Sætra

Dette må vere noko av det kjekkaste som skjer haustatida - nemleg at det vert kasta med not framme på Sætra. 
Røfsdalssætra i Syvde er ein nydeleg stad, og i Sætrevatnet er det mykje kreder. Gyteforholda er så gode at vatnet vert heilt overfylt med fisk. Det vert rett og slett ikkje mat nok til at alle kan vekse seg store.  Dermed må det dugnad til!

Nota skal settast

.........og dragast

.....mykje fisk vart det - heldigvis. Her må det plukkast i bøtter og spann.

 Ei fine sjøkrede slapp unna kniven og steikepanna!
Ivrige hender som plukkar kreder.

Det vart heile 4 fulle bøtter med fisk!  Trur det skal verte nok mat til alle som hadde møtt fram!

.........først må det sløgjast - alle mann i arbeid, nesten alle. Ungane var veldig flinke og ivrige, nokre med kniv og nokre med saks!

Storekjelen med kaffi er klar!

Her er mykje ekspertise!

........endå meir ekspertise og fagfolk.

Steikte sætrekreder, mjølna med salt og peppar, steikte i smør på begge sider -- mmmmmmm nydeleg!

Vi åt opp rubbel og bit! Og alle fekk!

Takk til alle som kom og hadde det kjekt, alle som slo av ein prat, åt og kosa seg og hjelpte til på anna vis!

søndag 14. august 2011

Ekte voldingar går på Rotsethornet!

Det vert sagt at ingen er ein ekte volding før ein har vore på Rotsethornet. Kanskje det? I dag var det nokre superflinke gutar og jenter som kom seg heilt på toppen og ned igjen på framsida. Stien er veldig slitt sidan vi gjekk der sist, og det var ikkje så lett å gå der med små og korte bein. Eg likte ikkje heilt turen ned igjen. Likar å gå tryggare når eg har med ungar. Det gjekk greitt, og dei var flinke til å høre etter og gjere slik dei vaksne sa.

Flott gjeng!

 Her må vi klatre både i tau og kjetting, men det er visst ikkje noko problem sjølv for ein 5-åring!

 Dette er ein flott gjeng og veldig kjekke tur-kompisar.  Litt over Aksla fann vi denne krokabjørka. Flotte og kjekke ungar vi har og vi er veldig stolte av dei!

 Ei stolt og spretten jente kunne sjå heilt heim til huset sitt på Rotset. Langs stien var det mange gode blåbær.

Det er jammen godt med mat når ein endeleg har nådd toppen! Verdens beste veninner har blitt ekte voldingar - første gang på Rotsethornet, og begge to kunne vinke heim til husa sine!  Superflinke jenter på 5 og 6 år! Stolte også.

Siste ferieinnspurt - slutt på late dagar!

Fiskeri i Austefjorden var ikkje overveldande akkurat, men vi fekk nok fisk til at alle vart gode og mette. Nokre av mannskapet hadde aldri vore på fisketur før, så dette vart ei spennande oppleving, sjølv om fisken ikkje vite på kroken deira.  Makan!  Makrellen er ikkje komen i fjorden enno, kanskje har han reist andre stader.  Rart, for makrell er sommarmat, eigentleg.  Ein torsk og nokre fine sei vart det i alle fall.  Heime laga vi til med kokt fisk, potet og smørbete.  Alle mann åt seg stappmette! Mmmmmm, så godt.

Nydeleg varmt og fint ver, sol og varm vind heile dagen. Endeleg kom det sommarver til våre trakter også. Dette har vi sakna heile sommaren.
Ny lettmatros ombord!

Ny kaptein også!

lørdag 13. august 2011

Molladalen - kan det bli betre!

Endeleg leta skodda, noko vi verkeleg hadde håpa på.  Åsmund har hatt ønskje om mange ulike fjelltoppar og turar i sommar, men skodda har lagt lok på det meste. Litt har vi fått til, men vi hadde tenkt både Slogen, Skåla og Honndalsrokken.  Desse må vi spare på til seinare.  No er sommaren på hell, lufta er haust-skarp og mykje av det vi skulle nå i år må utsettast til neste år.  Vi håper likevel på ein fin haust, og mange fine turar framover.

I dag hivde vi oss rundt og gjekk i Molladalen.  Heilmaks, altså!  Det er lenge sidan eg gjekk der sist, 13-15 år sidan, kanskje? I alle fall, første gang for Åsmund. Han er ein kjempeflink og utruleg kjekk tur-kamerat.  Eg veit eg er kjempeheldig som har fått denne guten og at han deler interessene med oss.  Veit at han er ein augestein for store-søskena sine også. Vi dele meir enn gjerne bilde frå fascinerande og overveldande sunnmørsnatur med alle som ønskjer å engasjere seg.





onsdag 10. august 2011

Kveldstur til Hestehornet

Hestehornet ser vi frå kjøkkenvindauget og er ein flott og lett tur. Det var kjølig for å vere august, skodde i øvste toppane og regnbyger på lur. Vi let det stå til og fekk oss ein fin kveldstur - hadde med to flinke 9-åringar som går så lett som berre det. Førstemann op og førstemann ned igjen!

Ei stor og gammal furu som var flott å klatre i for to spreke og kjekke gutar!

Førstemann opp - denne gongen også!
Regnbygene lurer rundt oss på alle kantar, medan sola tvingar seg fram mellom skylaga.

Det vart hustre - 7-8 grader, kanskje? No vil vi ned igjen.

mandag 8. august 2011

Dalsfjorden rundt på sykkel

Dalsfjorden er ei vakker fjordarm i Volda kommune og er ein flott 48 km lang sykkeltur.  Torsdag 4. august var fjorden blank som ein spegel, vindstille og varmt heile vegen.  Vegen er flat og fin, ingen bratte bakkar, og det er lite trafikk.  Flotte og dramatiske fjell, jøl og fonner. Velstelte hus, hagar og heimar. Ferjeturen til Lauvstad i solskin er reine luksusen. Synd at dei ikkje serverer kaffi og sveler!

Gunhild og Lars-Olav er med


Dalsfjorden - spegelblank, vakkert!

Nesten i mål - no ser vi begge sider av fjorden,
 og så langt har vi sykla


Brelett?


Flink sykkelgut!