onsdag 5. oktober 2011

BLÆJEVASSBU I OKTOBER!

Vi bestemte oss, fortare enn svint, og drog til fjells! Åsmund og Kristoffer er kjempekjekke turkompisar å ha med seg. Å bere tunge sekkar heilt inn til Blæjevatnet er visst inga sak.  Første kvelden regna og bles det kraftig, men vi fekk sett garna og så var det berre å kose oss og vente på fangsten neste dag. Om natt regna det kraftig, men søndagsmorgonen var heilt nydeleg. Dørgande stille på vatnet, ikkje ein vindpust, og så kom sola fram.  Heilt fantastisk!
Garna som var sette inne ved Styggejølet hadde flest og største fisken. Heile 102 kreder fekk vi denne dagen.  Det var mykje meir enn vi hadde vente, men viktig at det vert fiska i vatnet slik at kredene som er att kan vekse seg større.  Denne utfiskinga viser resultat.  Kredene vert større og i betre hald for kvart år.

Vi brukte mest heile resten av dagen på å stelle fisken og garna, og bestemte oss for å sette berre 8 garn neste kveld.  Vi satsa på Styggejølet denne gongen også.  Roturen over vatnet var berre heilt maks - så glitrrande klart og stille vatn, og den flotte naturen rundt oss.  Det må berre opplevast.

Om kvelden kom skodda, men heldigvis vart detheilt stjerneklart.  Kristoffer greidde å halde seg vaken og saman fekk vi ei oppleving av stjernehimmelen som vi seint vil gløyme.

Om natta tok det til å blåse opp, ganske kraftig, og det vart ei utfordring å få drage garna. Vindrosene var kraftige, men det gjekk fint, og vi var trygge.  Kollosalt med kreder, og spesielt inne ved Styggejølet.  91 store og flotte kreder, større enn i går.  På grunn av sterk vind og lågare temperatur, var det skikkeleg kaldt å få greide garna og sløgje fisken.  Trudde ikkje eg skulle få varmen i  meg att!

Ingen kommentarer: