lørdag 13. august 2011

Molladalen - kan det bli betre!

Endeleg leta skodda, noko vi verkeleg hadde håpa på.  Åsmund har hatt ønskje om mange ulike fjelltoppar og turar i sommar, men skodda har lagt lok på det meste. Litt har vi fått til, men vi hadde tenkt både Slogen, Skåla og Honndalsrokken.  Desse må vi spare på til seinare.  No er sommaren på hell, lufta er haust-skarp og mykje av det vi skulle nå i år må utsettast til neste år.  Vi håper likevel på ein fin haust, og mange fine turar framover.

I dag hivde vi oss rundt og gjekk i Molladalen.  Heilmaks, altså!  Det er lenge sidan eg gjekk der sist, 13-15 år sidan, kanskje? I alle fall, første gang for Åsmund. Han er ein kjempeflink og utruleg kjekk tur-kamerat.  Eg veit eg er kjempeheldig som har fått denne guten og at han deler interessene med oss.  Veit at han er ein augestein for store-søskena sine også. Vi dele meir enn gjerne bilde frå fascinerande og overveldande sunnmørsnatur med alle som ønskjer å engasjere seg.





Ingen kommentarer: