søndag 21. august 2011

Kredefiske på Sætra

Dette må vere noko av det kjekkaste som skjer haustatida - nemleg at det vert kasta med not framme på Sætra. 
Røfsdalssætra i Syvde er ein nydeleg stad, og i Sætrevatnet er det mykje kreder. Gyteforholda er så gode at vatnet vert heilt overfylt med fisk. Det vert rett og slett ikkje mat nok til at alle kan vekse seg store.  Dermed må det dugnad til!

Nota skal settast

.........og dragast

.....mykje fisk vart det - heldigvis. Her må det plukkast i bøtter og spann.

 Ei fine sjøkrede slapp unna kniven og steikepanna!
Ivrige hender som plukkar kreder.

Det vart heile 4 fulle bøtter med fisk!  Trur det skal verte nok mat til alle som hadde møtt fram!

.........først må det sløgjast - alle mann i arbeid, nesten alle. Ungane var veldig flinke og ivrige, nokre med kniv og nokre med saks!

Storekjelen med kaffi er klar!

Her er mykje ekspertise!

........endå meir ekspertise og fagfolk.

Steikte sætrekreder, mjølna med salt og peppar, steikte i smør på begge sider -- mmmmmmm nydeleg!

Vi åt opp rubbel og bit! Og alle fekk!

Takk til alle som kom og hadde det kjekt, alle som slo av ein prat, åt og kosa seg og hjelpte til på anna vis!

søndag 14. august 2011

Ekte voldingar går på Rotsethornet!

Det vert sagt at ingen er ein ekte volding før ein har vore på Rotsethornet. Kanskje det? I dag var det nokre superflinke gutar og jenter som kom seg heilt på toppen og ned igjen på framsida. Stien er veldig slitt sidan vi gjekk der sist, og det var ikkje så lett å gå der med små og korte bein. Eg likte ikkje heilt turen ned igjen. Likar å gå tryggare når eg har med ungar. Det gjekk greitt, og dei var flinke til å høre etter og gjere slik dei vaksne sa.

Flott gjeng!

 Her må vi klatre både i tau og kjetting, men det er visst ikkje noko problem sjølv for ein 5-åring!

 Dette er ein flott gjeng og veldig kjekke tur-kompisar.  Litt over Aksla fann vi denne krokabjørka. Flotte og kjekke ungar vi har og vi er veldig stolte av dei!

 Ei stolt og spretten jente kunne sjå heilt heim til huset sitt på Rotset. Langs stien var det mange gode blåbær.

Det er jammen godt med mat når ein endeleg har nådd toppen! Verdens beste veninner har blitt ekte voldingar - første gang på Rotsethornet, og begge to kunne vinke heim til husa sine!  Superflinke jenter på 5 og 6 år! Stolte også.

Siste ferieinnspurt - slutt på late dagar!

Fiskeri i Austefjorden var ikkje overveldande akkurat, men vi fekk nok fisk til at alle vart gode og mette. Nokre av mannskapet hadde aldri vore på fisketur før, så dette vart ei spennande oppleving, sjølv om fisken ikkje vite på kroken deira.  Makan!  Makrellen er ikkje komen i fjorden enno, kanskje har han reist andre stader.  Rart, for makrell er sommarmat, eigentleg.  Ein torsk og nokre fine sei vart det i alle fall.  Heime laga vi til med kokt fisk, potet og smørbete.  Alle mann åt seg stappmette! Mmmmmm, så godt.

Nydeleg varmt og fint ver, sol og varm vind heile dagen. Endeleg kom det sommarver til våre trakter også. Dette har vi sakna heile sommaren.
Ny lettmatros ombord!

Ny kaptein også!

lørdag 13. august 2011

Molladalen - kan det bli betre!

Endeleg leta skodda, noko vi verkeleg hadde håpa på.  Åsmund har hatt ønskje om mange ulike fjelltoppar og turar i sommar, men skodda har lagt lok på det meste. Litt har vi fått til, men vi hadde tenkt både Slogen, Skåla og Honndalsrokken.  Desse må vi spare på til seinare.  No er sommaren på hell, lufta er haust-skarp og mykje av det vi skulle nå i år må utsettast til neste år.  Vi håper likevel på ein fin haust, og mange fine turar framover.

I dag hivde vi oss rundt og gjekk i Molladalen.  Heilmaks, altså!  Det er lenge sidan eg gjekk der sist, 13-15 år sidan, kanskje? I alle fall, første gang for Åsmund. Han er ein kjempeflink og utruleg kjekk tur-kamerat.  Eg veit eg er kjempeheldig som har fått denne guten og at han deler interessene med oss.  Veit at han er ein augestein for store-søskena sine også. Vi dele meir enn gjerne bilde frå fascinerande og overveldande sunnmørsnatur med alle som ønskjer å engasjere seg.





onsdag 10. august 2011

Kveldstur til Hestehornet

Hestehornet ser vi frå kjøkkenvindauget og er ein flott og lett tur. Det var kjølig for å vere august, skodde i øvste toppane og regnbyger på lur. Vi let det stå til og fekk oss ein fin kveldstur - hadde med to flinke 9-åringar som går så lett som berre det. Førstemann op og førstemann ned igjen!

Ei stor og gammal furu som var flott å klatre i for to spreke og kjekke gutar!

Førstemann opp - denne gongen også!
Regnbygene lurer rundt oss på alle kantar, medan sola tvingar seg fram mellom skylaga.

Det vart hustre - 7-8 grader, kanskje? No vil vi ned igjen.

mandag 8. august 2011

Dalsfjorden rundt på sykkel

Dalsfjorden er ei vakker fjordarm i Volda kommune og er ein flott 48 km lang sykkeltur.  Torsdag 4. august var fjorden blank som ein spegel, vindstille og varmt heile vegen.  Vegen er flat og fin, ingen bratte bakkar, og det er lite trafikk.  Flotte og dramatiske fjell, jøl og fonner. Velstelte hus, hagar og heimar. Ferjeturen til Lauvstad i solskin er reine luksusen. Synd at dei ikkje serverer kaffi og sveler!

Gunhild og Lars-Olav er med


Dalsfjorden - spegelblank, vakkert!

Nesten i mål - no ser vi begge sider av fjorden,
 og så langt har vi sykla


Brelett?


Flink sykkelgut!


Piggsvin i hagen!

Vi er jammen heldige som har fått oss piggsvin i hagen. Det ser ut til å vere ein unge, og han/ho var svolten.  Vi dryssa kattemat i graset og litt på eit fat. Dermed kom piggsvinet ut frå buskane og åt villeg vekk. Artig å høyre kor det knaska.  No håpar vi at det vert verande, et alle sneglar som finst her, og trivst så godt at det kjem att neste år også.  For ein søting!

Ein lyr, ei fine hyse, to sei og litt torsk

Med Gunhild og Lars på besøk så vert det fisketur på fjorden. Vi fekk fisk denne gongen også. Austefjorden låg blank og stille og vi såg niser som var på jakt etter mat fleire gonger. Spennande å vere så nær dei. Det var ein liten flokk på 4-5 stykker.
Fiskelykka var ikkje den heilt store, men det vart nok til å lage fiskekaker. Det er eit heilt arbeid med filetering, maling og lage farsen, og til slutt steikinga.  Kjempegode vart dei, så det var vel vert arbeidet.

søndag 7. august 2011

Flott dag på Hallehornet

Endeleg ein dag utan lav skodde, og då vart det fjelltur på oss.  Hallehornet ved Steinestøylen i Romedalen er eit flott skue.  Spiss, og flott kneisar det over Steinestøylen.
 Stien går forbi sela, og opp gjennom skogen, tydelege og god sti å gå.  Oppe i skaret såg vi ned på Brillevatna, før vi tok til venstre opp mot toppen. Då var verste kneiken unnagjort, og plutseleg var vi på toppen.  Her var utsikta var også upåklageleg! Bak oss til høgre er Middagshornet (1092 moh), og til venstre den flotte Masdalskloven. Dit skal vi ein gong. Ein flott tur i Sunnmørsk natur med utsikt til Romedalstindane, Molladalstindane, Ålesund og ut til havet!






Her er det rett utfor, og langt der nede ligg Steinestøylen!