I går fekk vi overraskande besøk frå Tyskland, Anita Wesner og Olav. Kjempekjekt! Vi har ikkje sett kvarandre på 13 år, men fann tonen med ein gang. Eg er så glad for at dei tok avstikkaren hit og fann tilbake til oss. Etter middag trossa vi regnver og skodde og reiste ut til Flø - er så glad for Eiksundtunnellen at det er ikkje til å tru - og der fekk dei endeleg møte Atlanteren, heilt på ekte! Hadde sjølvsagt bestilt eit cruiseskip som segla forbi akkurat i det vi kom fram. Snakk om perfekt timing! Skodda letta bittelitt, og vi kunne faktisk sjå Erkna. Ikkje verst det heller, og Herøybrua.
Sjølvsagt kjem dei igjen, såklart.
I kveldinga fekk vi servert nydelege kaker hos Arlene - snakk om å ha flaks, for eg hadde berre frukt og mår i hus!
I dag er kvardagen tilbake, og Aksel vaskar husveggar. Eg strikkar genser til Åsmund. Endeleg vart det opplett og då må vi søle med vatn. Veggane kan tørke opp - kanskje?
2 kommentarer:
gratulerer med blogg! skal helse her fra Arendal. Går det bra med islandsgenseren?
Hei, i dag kom sola! Vi nyt det, og har jobba som heltar i hagen og på huset. Aksel har måla halve austveggen, og eg har luka "nesten" alle bed. Åsmund vart att i Syvden i går, og kom heim no i kveld. No skal vi vaske huset og rydde litt - og gjere ferdig resten av genseren! Produktive så ein kan misse pusten, ikkje sant. Har berre litt igjen på halsen, så er eg ferdig. Vert veldig fin. Har faktisk strikka størrelse 14 år, og hadde nok tråd. Du må helse.
Elles så prøver eg å orientere meg i blogg, men det er ikkje alt eg får til, får ikkje vise kommentar. Må nok nærlese bruksanvisninga!!! Det er noke tregt.
Legg inn en kommentar