fredag 12. oktober 2012

Haust i hagen





 
Skin omkapp med oktobersola!

 
Rosene blomstrar og duftar, trass alt regnet dei har blitt piska med.  No er det nattefrost, men vi håper vi får ha rosene ei stund til.

 Vakkert - og håp om nokre varme soldagar til
 
 
Ringblomster er alltid like spennande og vakre, synest eg.


Melshornet i oktober

 Gutane mine på Melshornet 9. oktober 2012

 Utsikta kan ikkje betalast i penge!!!!
Vatnevatnet, Gjuratinden i midten og litt til venstre.
 
Fjella i Hjørundfjorden
 
 
Bygda heiter Folkestad, og fjella lengst vekke er Blæja og syvdefjell.
 
 
Skøyer i familien! Det var litt kaldt på toppen, og bra vi hadde vottar og varme klede.

Flott bilde av Tore-Magnus - kjekt å ha han heime og heldigvis fekk vi oss ein fjelltur ilag.
 

 Flotte haustfargar!
Litt av ein miks!

søndag 23. september 2012

Kvivsvegen

Like før opninga av tunnellen

Folksamt på Kalvatn

Fullt av folk frå begge fylka inne i tunnellen


Utsyn over Honnjdalsvatnet mot vest- og det er sol!

Ein snartur til Viddal, og nyte dei fantastiske fjella der.

Kjekke turgejeng!
Og så har vi opna Kvivsvegen, flotte tunnelar ag raskare veg austover.  Vi treng framleis ferja til Folkestad og betre samband til Bergen.  Skulle tru at vegmyndigheitene ikkje heilt skjønar kva slagt landsdel dei orienterer seg i. Dette med fjordar og fjell er vanskeleg for  folk frå Oslo og flatbygdene-

onsdag 29. august 2012

Krabbefiske


Ho mor sjøl har fått krabbeteiner i bursdagspresang, og her er litt av første fangsten vår.  Store, fine krabbar med mykje mat i!  Kjempegodt med loff, sitron og majones. MMMMMmmmmm, så vi kosa oss.

mandag 9. april 2012

Strikkedilla i påska

Resten av tråden rakk  til eit par smålestar. No ventar vi berre på to små føter som dei kan passe til :)  Det går faktisk greitt å strikke i bilen også, og desse har vore på langtur frå Oslo til Volda.

Synest desse vart bra fine, eg, og varme er dei og!

torsdag 22. mars 2012

Strikkevottar i gult og oransj



Strikkevottar etter ei gammal oppskrift. Garnet er tynn alpakka, og veldig godt å strikke med.  Utruleg mjuke og gode å ha på seg - og varme også. Har lyst til å strikke noko større med denne tråden, men kan ikkje stele meg tid til det. No kjem stilane på løpande band og mykje retting - då kan eg ikkje ha eit fristande stikkeprosjekt på gang, nei!