I går fekk vi overraskande besøk frå Tyskland, Anita Wesner og Olav. Kjempekjekt! Vi har ikkje sett kvarandre på 13 år, men fann tonen med ein gang. Eg er så glad for at dei tok avstikkaren hit og fann tilbake til oss. Etter middag trossa vi regnver og skodde og reiste ut til Flø - er så glad for Eiksundtunnellen at det er ikkje til å tru - og der fekk dei endeleg møte Atlanteren, heilt på ekte! Hadde sjølvsagt bestilt eit cruiseskip som segla forbi akkurat i det vi kom fram. Snakk om perfekt timing! Skodda letta bittelitt, og vi kunne faktisk sjå Erkna. Ikkje verst det heller, og Herøybrua.
Sjølvsagt kjem dei igjen, såklart.
I kveldinga fekk vi servert nydelege kaker hos Arlene - snakk om å ha flaks, for eg hadde berre frukt og mår i hus!
I dag er kvardagen tilbake, og Aksel vaskar husveggar. Eg strikkar genser til Åsmund. Endeleg vart det opplett og då må vi søle med vatn. Veggane kan tørke opp - kanskje?